Homandberg Family

Genealogi

Mellomalderen

Etter Olav den Heilages tid høyrer vi ikkje om Valdres før i borgarkrigstida. Sverresoga fortel at kong Sverre kom opp til Valdres før jul 1177 og tok veitsle av dei gardane han åtte der. Han var då på flukt for mennene til Maguns Erlingson på veg frå Vestlandet til Gudbrandsdalen.

Då Sverre hadde teke Bjørgvin i 1183, var det kong Magnus og mennene hans som rømde til Vika (Oslo) gjennom Valdres. Ved juletider i 1201 var baglarane på farten med Sverre etter seg frå Vestlandet gjennom Valdres.

Baglarsoga fortel at då Håkon Sverreson var død i Bjørgvin i 1204, drog enka etter Sverre, dronning Margrete til Valdres og seinare til Sverige. Same året høyrer vi om ein baglarhovding i Valdres som kalla seg Jon Gridmann eller Jon Svarte.

I soga om Håkon Håkonson seiest det at før bryllaupet med Margarete Skulesdotter i 1225, sende kongen 80 menn til Valdres for å halde vakt så ikkje ribbungane skulle laga oppstyr under festen. Desse kom i kamp i Valdres før dei drog seg attende til Gudbrandsdalen.

I 1239 flydde kongens lendmann Munan frå Hedmark opp i Valdres. Der fekk han hjelp av Kong Håkon Håkonsons 120 hirdmenn og kunne fara trygt til Oslo for varbelgane, hertug Skules menn.

Svartedauden vinteren 1349-50 har sett djupe merke etter seg i Valdres også både i namnetilfang og segntradisjon. Kor stor del av flolket som dø

ydde ut, veit vi ikkje. Men mykje av busettinga låg i utkantstrok. Dei få folka som levde att, søkte til sentrale eigedomar.

Meir enn 300 år etter Svartedauden låg ei mengd gardar endå øyde, og somme vart aldri tekne opp att. Prestane måtte ta seg av fleire kyrkjer, og eigedomsprisane var ein brøkdel av det dei hadde vore før 1350.

Updated: 24. juli 2017 — 11:47

The Author

Homandberg Family © 2017 Frontier Theme

Enjoy this blog? Please spread the word :)

  • Follow by Email
  • Facebook
    Facebook
  • Twitter
  • YouTube