Homandberg Family

Genealogi

Oldtida

Gjennom fleire tusen år har menneske hatt tilhald i kyststroka av landet vårt. Truleg har folk også jakta på ender og då gjort jaktferder lengre inn i landet, men vi skal vera særs heldige om vi skal koma over slike spor.

Det er ikkje før sist i steinalderen at vi har funn som kan seiast å tyde på at det voks fram ei fast busetting her. Vi kjenner eit 70 tals steinalderfunn frå Valdres, berre nokre få frå Nord-Aurdal. Tala er størst for Vang og Vestre Slidre – noko som tyder på at innvandringa må ha kome den vegen. Mest vanlege funn er skaftholøksene. Desse øksene er sjeldne på Vestlandet, medan dei her på Austlandet er det mest vanlege funnmaterialet. Kanskje den fyste vekselvirkningen mellom aust og vest som er eit så fengslande og tydeleg drag i kulturhistoria i Valdres.

Bronsealderen rekner vi frå ca. 1500 til 500 f.Kr. Bronsesakene er kan hende laga her i landet, men alt råstoffet måtte importerast dyrt frå fjerne land. Det er vanleg at slike bronsefunn i Valdres er frå fyste delen av perioden – altså truleg komne frå Vestlandet.

Tre av dei viktigaste funna i dalen kjem frå same området i Nord-Aurdal. På Bø i Ulnes har vi to fine bronseøkser, båe er holstøypte, dvs. at dei truleg har sete på eit skaft med sjølvaksen vinkel. Båe er funne i små gravrøyser, den eine i 1874, den andre i 1953. Det største og merkelegaste er Svenesfunnet. I ei koldynge under ein stor stein vart det i 1830 funne ei sigd og meir en 20 spjutspissar. Dette er eit depotfunn – dvs. verdiar som er gravne ned for oppbevaring eller offer til guddommelege makter. At tinga låg i ein kolhaug, tyder mest på det siste.

Frå bronsealderen er også truleg gravrøysene ved Faslefoss og Skavelvatn. I andre delar av landet vart gjerne romerske bronsekar brukte til gravurner. Slike kjenner vi ikkje til frå Valdres. Men på Ringisåk i Ulnes er det funne restar av eit blågrønt glaskar med kvitdekorasjon. Karet er truleg innført frå Romerriket, men restane er for små til å betemme forma på karet.

Frå Rudlang (Røllong) har vi eit sverd med innsmidd namnet ACIRONIO, altså eit innført romerk våpen. Seinare vart det truleg smidd liknande våpen av malm her frå bygda, men etter romersk mønster. Det må ha vore eit sterkt og konsentrert landåm i Ulnes i 2-300 åra f.Kr. Vi nemner som døme gravfunn frå Gøe, Sundeim og Hilme

Den sørlegaste delen av kommunen er ikkje ut til å ha vore folkesett på same måten. Ut frå desse områda har så folket spreidd seg vidare nedover. Vi ser ein tydeleg samanheng mellom funna i Ulnes og Einang-feltet lengre oppe og Rognefeltet austa åsen.

Rike beitemarker og godt jordbruk gav grunnlaget for velstand. Frå Skrautvål har vi t.d. ei stor, forgylt sølvbrosje med dyreornamentikk. Den er i dag uheil, men vitner om ein djerv og stilsterk kunstnar.

Updated: 20. juli 2017 — 12:14
Homandberg Family © 2017 Frontier Theme

Enjoy this blog? Please spread the word :)